tirsdag 30. november 2010

Lyslyktene er komne i julestemning ;)

Då eg hadde "date" med 
symaskina, sydde eg juletrekk til lyslyktene mine. 
(eg hadde ikkje telys å tenne i dei  då eg tok bildene!! :/ )


Som på dei forrige eg har laga brukte eg stoff, pomponger og blonder. 
Men denne gongen med herleg juleraudt ;)


Her er ein liten forsmak på julepynta TV-stove i Fjordhuset. 
Fargane går i raudt, kvitt, lin og litt grønt. Mest raudt, noko eg nesten aldri bruker 
i interiøret resten av året :)


Fleire bilder frå julepynta stove kjem
 i eit innlegg om nokre dager.


Eg håper du får ein strålande tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 28. november 2010

God Advent!

Så var plutseleg advent her, 
og den koslege ventetida er igong :)


Fjordhuset har sett meir eller mindre "bomba" ut i heile dag. 
Julekasser og julepynt har vore slengt overalt. No ser det nokelunde ut. Men pyntinga
 er ikkje over. Den skal eg kose meg meir med i 
dagane framover ;)


Adventslysa er klare og det første vart tent idag tidleg. 
Eg har ein  enkel vri på dekorasjonen iår. 

Eg har brukt eit fat frå Bruktbutikken, mose frå Plantasjen,
 4 kvite kubbelys, taldecoupage og 
sopper frå Panduro.


Duken er rett og slett eit raudrutete kjøkenhandkle
Eg synast desse er julete, og etter ein omgang med strykejernet skal den få 
fungere som duk :)

Eg er veldig lei meg fordi eg ikkje har fått besøke dei flotte bloggane dokkas i det siste. Dagane har gått i eitt, men eg er snart tilbake på besøk!

Ha ein fiiin søndag! 
Her står gløggen klar med ein ørliten 
skvett raudvin i ;)

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 27. november 2010

Stille før "stormen" ;)

Fjordhuset er klart for julepynting
Dette er siste dagen, enn så lenge, at pasteller får råde. 
No blir det raudt og kvitt og  julestemning 
i (nesten) kvar ein krok!


Eg har egentleg ingen plan på korleis eg skal pynte. 
planen blir til undervegs.


Ein ting er sikkert, 
og det er at eg gleder meg stort til å begynne å pynte ;)
Når dette innlegget blir publisert er eg på julehandel. Eg tipper det blir med noko 
ny julepynt heim, i tillegg til at eg blir ferdig med
 julegåvene (det er jo lov å håpe ;)


I min barndom pynta vi ikkje før på Lillejulafta. 
Så lenge klarer eg ikkje å vente.  No skjer det første søndagen i advent. 
Det vil seie i morgon den dag!! :) Men juletreet skal eg klare 
å spare til Lillejulafta ;)


Kva tradisjonar har du når det gjeld pynting før jul? 


Eg er nokså sikker på at mitt neste innlegg 
blir prega av julestemning ;)

Ha ein fin laurdag! 
Og nyt første søndag i advent imorgon (eg gleder meg!!;)

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 24. november 2010

Endeleg med fokus på JUL ♥

I kveld skal eg endeleg 
begynne å konsentrere meg om den koselegaste tida eg veit om; 
Advent og jul ;)


Julepyntkassane skal ned frå loftet i dag. 
Eg må sjå igjennom kva meir vi "trenger", før o'store shoppetur på laurdag. 
I jula ifjor var eg alldeles i ammetåke, så eventuelle julepynt -kjøp (som garantert vart gjort ;) 
er komen heilt i gløymeboka.


Sidan vi bur i utkanten av utkantane, er det allereie gjort nokre innkjøp på internet. 
Eg hadde nok ikkje overlevd her uten 
nettshopping ;P
Nokre julehandkle, gardiner og julegris er noko 
av det eg har "snopa" hos Ellos.


I kveld når Ariel søv søtt, skal eg ha stevnemøte med symaskina mi. Eg skal sy litt 
julepynt, og kanskje starte på nokre julegåverI år skal eg for første 
gong gje nokre egenproduserte ting i tillegg til anna.
 Eg er spent på korleis det 
blir mottatt :)



Eg håper alle har ein fin onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 23. november 2010

Korktavla er på plass ;)

Korktavla som eg "pimpa" med stoff og måling for litt sidan,
 har no fått plass på kjøkken -veggen.


Eg tok bilder før mindre pene huskelapper 
og fakturaer inntar plassen ;)


Innlegget om Korktavla Før & Etter 
kan du lese her!


På søndag var det til min store fryd eit lite loppemarked på ei messe 
i nærleiken av der eg bur. Eg fekk sjølvsagt "raska" med 
meg nokre prosjekt


Eit speil, ein krakk og endå ei korktavle var fangsten. 
Og eg betalte 120 kr tilsaman, det er dei absolutt 
verdt når eg har fått ordna dei litt ;)


Då eg stolt gjekk å skulle betale korktavla høyrde eg ei dame "kviskre" hånleg:
 "Slike har eg mange av i kjelleren, dei er SÅ stygge." 
"Du skulle berre visst!" tenkte eg 
og smilte lurt ;)
Eg angrer på at eg ikkje spurte om eg kunne få dei og fikse dei. 
Men det var eg for pysete til å gjere ;)

Ha ein flott tysdag!

Klem frå Bjørg :-)


søndag 21. november 2010

Nye Gardiner

I TV-stova har vi ikkje hatt gardiner sidan i sommar. 
Men no når det vart "kaldt" å sjå ut, følte eg for å gjere det litt lunare med gardiner. 
Difor gjekk turen til Princess, og kvite lingardiner vart innkjøpt :)


Men desse gardinene skal vi berre nyte synet av ei vekes tid
For neste søndag skal dei nye julegardinene frå Jotex opp her. 
Eg gleder meg som ein liten unge til 
å begynne å julepynte!! :)


Hos oss er jula raud. Så vår pastellfarga heim skal få 
eit heilt anna uttrykk
i desember. 


Rundt om i Bloggland ser eg at jula er i full gong hos mange. 
Eg prøver å vente til neste helg, men då tar 
det laust her og!! ;)


Det har vore lite blogging på meg denne veka. 
Så no skal det bli kosleg å ta ei lita 
besøksrunde ;)

Ha ein fin søndag, 
håper du har hatt ei flott helg!

Klem frå Bjørg :-)
(som er småkvalm etter mykje søtt i min kjæres bursdagsfeiring idag!;)

tirsdag 16. november 2010

På mi side :)

Tenkte eg skulle vise dokke litt frå soverommet vårt idag. 
Denne gongen frå "mi side" av rommet sidan det var bloggifiserbart 
der for ein gongs skuld ;)


Stumtjeneren vi hadde i gangen nede 
har fått lov å flytte inn på soverommet. Den er praktisk å ha 
til å henge frå seg vesker, morgonkåper 
og strikkejakker.


Hylla på veggen har eg vist mange gonger før. 
Dette er egentleg ei slik kjøkenhylle, der det skal henge pyntehandkle. 
Den er måla kvit og pussa slitt, og har fått glasknotter til knagger. 
Eg bruker den til smykkeoppbevaring, og synast det er 
eit dekorativt element på 
soverommet.


Bilderamma som fekk seg ein makeover med måling og hønsenetting 
for litt sidan, har fått ny funksjon som 
oppbevaring for øyredobbar.


Etter inspirasjon frå Tove har nattbordslampene fått ein aldri så liten makeover. 
Eg har limt på blå pomponger med dobbelsidig tape. 
Den gjekk frå å vere kjedeleg til søt ;)


Når du les dette er eg pliktoppfyllande på tidlegvakt. 
Planlagt publisering er ein flott ny greie eg har lært meg ;)


Eg ønsker alle ein flott tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 14. november 2010

God FaRsDag!



Denne puta har eg sydd til min Kjære til farsdag idag. 
Puta er ein del av gåva han har fått :)

Eg har klippt ut eit hjerte av stoff med gule roser funne på Bruktbutikken. 
Bildet er eit av mine favorittbilder. Det er skrive ut på Transferark 
og strykt på kvitt stoff. Så sydde eg hjertet og bildet
 på forsida av puta som er av linstoff
Baksida er av same gule rosete
 stoffet og har lomme-
opning.

God farsdag til alle fedre (spesielt til deg Pappa ;) som er innom, og til oss damene; 
La oss stelle ekstra godt med dei idag ;)

Klem frå Bjørg :-)

fredag 12. november 2010

Så var det helg igjen! :)

Etter ei natt omtrent utan søvn og dundrande hodepine,
 har eg holdt meg heime frå jobb idag. Eg satser på å vere
frisk som ein fisk i morgon!

Tusen takk for alle fine ord de legg igjen til meg! 
Både her i bloggen og i det "virkelege" liv ;) Eg blir så glad, og det føles 
godt å få tilbakemeldingar! :) 

Også må eg takke dei som har stemt på meg 
Boligblogg :)


Eg og verdas beste Ariel vil gjerne ønske dokke 
alle ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 11. november 2010

Så utruleg moro! :)

Vesle meg er komen i inspirasjons-Galleriet i NIB (norske interiørblogger) sin konkurransen denne måneden. Det er ei stor ære, og for eit fantastisk godt selskap eg er i. 
Her er det mange lekre stover, og eg er overraska og veldig glad 
over at stova vår er blant dei!  

Trykk her og sjå dei flotte bidraga ;) 



Tusen takk til NIB- jentene. 
No er eg kjempespent på å sjå finalistane :)
Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 9. november 2010

KorkTavle Før&Etter :)

Det finns sikkert mange av desse korktavlene rundt om i dei norske heimar. 
Eg fann denne, som eg hadde då eg var lita, i kjellaren til foreldrene mine. 
Eg håper eg ikkje fornærmer nokon når eg seier 
dei ikkje pynter så mykje opp ;)


Så den vart utsatt for ein aldri så liten makeover.
Før/ Etter:



Eg opna ramma i eine hjørnet og tok ut korken. 
Ramma måla eg i fargen Hammershöi, og korken kledde eg med 
det søtaste stoffet (det er ikkje ferdig strekt på dette bildet ;) 
Det ser ut som GG, ikkje sant? 
Men det er faktisk ei gardinlengde kjøpt på 
Spar Kjøp til berre kr 65,- (på sal)


Enkelt og greit prosjekt ;) 
Og den passer mykje bedre inn i Fjordhuset. 
Den skal henge på kjøkenet, men foreløbig pryder korktavla den nymåla 
lilla kommoden i spisestova.




Eg håper alle har ein strålande tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 7. november 2010

SukkerSøtT ♥

No har eg endeleg fått tatt litt bilder. 
Eg gjekk å knipsa lenge igår i fint dagslys. Tihi ;) 
I dag har eg lyst til å vise dokke puta eg sydde no i veka. 


Min første store hobby var scrapbooking, den har dessverre vore litt tilsidesett i det siste. Men då eg sydde puta tok eg i bruk litt same teknikkane ;) 
Eg har rett og slett "scrappa" meg ei pute!


Berre med tråd istaden for lim, og 
stoff istaden for papir :)


Eg brukte stoff frå oppklipte sengesett eg hadde frå før. Blonder frå Panduro, og ein hekleduk frå Spar Kjøp (nei, eg har endå ikkje lært meg å hekle..) Bildet redigerte 
eg i photoscape og laga det i vintagestil. Så skreiv eg det ut på 
transferarkog strauk det på eit kvitt bomullsstoff.


Og vips vart det den mest rosa og sukkersøte familieputa 
eg har sett! Akkurat slik eg liker det ;)


Eg håper alle har hatt ei fin helg, 
og god søndag vidare!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails