onsdag 2. november 2011

I'll be back..

Det har vore ganske stille her på bloggen i det siste. 
Og eg kan dessverre ikkje love noko særleg meir liv i nærmaste framtid heller. 
Eg ser meg nødt til å ta ei bloggepause. Det er ikkje noko eg har lyst til, men det må til. 
Grunnen vil eg ikkje utdjupe så voldsomt her på bloggen. Men eg kan no seie at alt står
 bra til med oss i Fjordhuset, ingenting er gale :)


Pausen er i grunn veldig dårleg "planlagt" med tanke på at eg nettopp har vore på trykk i Fylkesmagasinet for Sogn og Fjordane. Du kan lese nettversjonen her!
 (Tusen takk for fin reportasje :) Eg skulle jo helst ha "pøsa" på 
med innlegg for å ønske nye leserar velkomne. 
Men slik gjekk det ikkje gitt. 

Om alt går etter planen er eg tilbake med friskt pågongsmot og julepynta Fjordhus i Desember. Og då håper eg inderleg at du vil ta turen innom igjen :)

Ha ein fin- fin november månad,
 så "snakkast" vi :)

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails