Eg har alltid vore glad i grønt.
I år er det i tillegg trendy, etter at den er kåra som årets farge ;)
Etter litt leiting har eg funne ein kjempefin mintgrøn- farge. Tidlegare har eg brukt grønfargen Hammershöi titt og ofte (blant anna på skoddene i TV-stova), men eg ville ha ein litt annen nyanse i tillegg. Mint fargen er litt mørkare, men også friskare enn Hammershöi,
men likevel sånn passe nostalgisk. Akkurat
slik eg ville ha den ;)
Først ute til å bli måla var denne krakken.
Den er eit loppefunn eg gjorde for eitpar år sidan. Den vart først måla lilla,
ein farge eg ikkje får til å passe inn hos oss lenger. Så den har stått på loftet ei stund,
til den no fekk ny drakt i mintgrønt ;)
Fargekoden fann eg her på søte Ida sin blogg Sukkertøy for øyet.
Ein fantastisk fin blogg som eg anbefaler
på det varmaste :)
I dag skal eg vaske ferdig vindaugene
og gjere det litt påskefint i huset, mens Ariel er i barnehagen.
Ha ein super fredag, og god Palmehelg!
Klem frå Bjørg :-)