torsdag 31. mai 2012

Tips!

Er du like glad i gamle retro- stoff som det eg er, 
men synast at det er vanskeleg å få tak i? Her kan du kjøpe mange fine stoffpakker. 
Eg har ihvertfall latt meg friste ;)

Stoffbitane er på ca 45x45 cm,
 så her skal det med tida syast puter(det kom sikkert ikkje som ein overraskelse ;) 

Det er veldig kjekt at så mange allereie har meldt seg på Give Awayen min :) 
Om du ikkje har gjort det endå kan du trykke her! Det er berre å skrive ein
 kommentar og du er med i trekninga av flotte premier sponsa av 
(trykk på link for å titte i nettbutikken)

Ha ein super torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 30. mai 2012

Give Away :) AVSLUTTA

Konkurransen er avsluttet..

Då er det klart for feiring av Huset ved Fjorden. 
Og det som gjer denne bloggen så morosam å drive med, det er jo alle de som kjem innom
 på besøk! :) Aller mest varmer det at så mange har lyst å legge igjen nokre ord når de er her! Så det er med andre ord de som les bloggen som skal feirast ;) I februar var det
2 år sidan eg starta å blogge. Noko eg alldeles ikkje angrer på. Det har gitt meg så 
mykje inspirasjon, glede og fine bekjentskap
Eg har nettopp runda 200 000 unike besøk og godt over 700 har 
valgt å følge meg. Eg kan ikkje seie anna enn at dette er stor stas! :) 
Tradisjonen tru vil eg feire med ein Give AwayDer 3 heldige
vinnerar stikk av med flotte premier sponsa

Om eg skulle peike ut den butikken eg saknar mest frå då eg budde i meir urbane strøk. Så er det uten tvil Kremmerhuset! Eg var stadig vekk innom, og kom sjeldan tomhendt ut igjen. Derfor er eg veldig glad for at Kremmerhuset no har opna nettbutikk. Slik at også vi som bur i meir grisegrendte strøk har mulighet til å handle dei fin- fine 
varene deira ;) Sjå berre her kor fantastisk mykje fint
 dei har i sortimentet;




Her finn du Kremmerhuset- bloggen!
Her kan du like Kremmerhuset på Facebook!
Her anbefaler eg deg å gå inn i nettbutikken og la deg friste! ;)


Eg er veldig takknemleg for at jentene bak nettbutikken til Kremmerhuset
 hadde lyst å vere med å sponse ein Give Away hos meg. Og heldige 
er de som tar lodd, for dette er rett og slett
 supre premier!! :)



 Var det noko som frista? ;)
For å vere med i trekninga legg du ganske enkelt igjen ein kommentar under dette innlegget. Om du ikkje har blogg kan du kommentere som anonym, men husk å legge
 igjen epost- adressa di slik at eg får tak i deg om du skulle vere den heldige. 
Om du har lyst å linke eller dele Give Awayen blir eg kjempeglad
då kan du bruke det øverste bildet. 
Men altså;

Kommentar under her = du er med i trekninga

Trekninga blir søndag 10.juni.
(med forbehold om at eg ikkje befinner
 meg på føden ;)

Klikk på logoen over og ta deg ein rundtur i nettbutikken til kremmerhuset. 
Handle frå Kremmerhuset frå sofaen og få varene rett i posten. 
Enkelt og greit ;)


Ha ein flott onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 29. mai 2012

Eg er her endå..

..eg er ikkje på føden. Sjølv om det faktisk er berre 2 veker igjen ;) 
Det har vore stille frå meg dei siste dagane pga det herlege fine sommerveret vi har hatt! Når det er slikt ver kan ein ikkje gjere anna enn å vere ute og nyte
For på denne kanten av Norge kan ein aldri vite om det blir 
meir sommer (for å vere veldig pessimistisk ;)



Energien min er veldig lav for tida. 
Og alle prosjekta som, fingrane mine klør etter å kome igong med, er noko utsatt.
 Ein kan vel kanskje ikkje rekne med noko anna heller så
nært termindatoTenk det kjem snart ein
 baby i heimen. Så rart og kosleg
 å tenke på! :)

Men ei feiring har eg alltids energi til!! :)
I morgon kjem det nemleg ein Give Away hos meg. Bloggen min fyllte 2 år i år, eg har runda 200 000 unike besøk og over 700 har valgt å følge meg. STAS! 
Eg (og dokke) er så heldig at nettbutikken til Kremmerhuset vil
 sponse premiane denne gongen. Så her blir de
godbiter å kjempe om! Som sagt; 
meir om det imorgon! ;)

Ha ein strålande tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 25. mai 2012

Herlege dager!

Eg merker at det er stille på Blogger for tida. 
Dei fleste er vel ute og nyter fineveret, slik som eg også gjer :) I dag når eg hadde levert Ariel i barnehagen tok eg meg ein impuls-tur til nærmaste tettstad. Der gjekk turen
 blant anna innom Nille. Og ja: eg lot meg friste ;) 
(og nei; eg er ikkje sponsa)

 Dei hadde fått inn alldeles nydelege og sommarlege varer. 
Eg kjøpte fat og kopper til 4 personer, skål, telysholderar, voksduk og glas. 
Eg synast mønsteret på kopper, fat og skål var veldig likt eine serien til Green Gate. 
Og til ein tredjedel av den prisen, var eg veldig fornøgd med kjøpet ;)

Når eg kom heim dekte eg bordet på verandaen med dei nye sakene. 
Og kosa meg med strikketøy, bok og jordbær

 Om du ikkje har lest Shopoholiker bøkene av Sophie Kinsella,
 så anbefaler eg dei varmt!! :) Dei er 
perfekt sommerlektyre!

 Denne verandaen er ganske ny. 
Vi måtte rive den som var over inngangspartiet vårt pga vannskader. 
Dette er altså den nye versjonen :) Det er denne som blir mest brukt fram til 
den store terassen ned mot fjorden er ferdig :)

 Eg håper alle har fine dager, 
og at veret er strålande hos deg også!

Dette er mitt bidrag til Lidyll si "Vis meg ditt sommerbord"-utfordring. 
Delta sjølv og/eller sjå dei fine bidraga her!

Eg ønske deg ei fin-fin pinse!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 23. mai 2012

Bildevegg med fugler

Ein liten bildevegg er komen på stoveveggen vår. 
Eg googla på nettet etter fuglebilder i vintagestil ,og skreiv ut nokre som eg likte.
Deretter dukka eg ned i rammesamlinga mi frå loppis/Brukten 
og måla 2 kvite, ei svart og ei grøn.

 Eg har tatt vekk glaset i rammene og berre festa alt til veggen med min nye ven Tack It. Eller det vil seie mannens nye bestevenn Tack It. Han har nemleg litt angst for 
meg og hol i veggen. For han veit at eg ombestemmer meg fort, og plutseleg 
skal bildene ned igjen. Men på denne måten slepp 
vi spikerhol, og eg kan utfolde meg
 uten engstelege blikk ;)

 Veret er heilt fantastisk for tida! 
I dag har vi berre kosa oss med besøk, is, middag på kafe og vassing i fjæra. 
Heilt perfekt! Måtte fineveret berre vare og vare. 
Det synast eg vi fortjener alle mann! :)

Eg får stadig vekk spørsmål om fargekoden på den turkise skjenken. 
Her er den igjen: S0530-B50G

Nyt solskinnsdagane!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 22. mai 2012

Loppefunn

Då eg såg det skulle vere loppemarked i nærheten av der foreldra mine har hytte, 
var eg snar å spørre om eg og Ariel kunne vere med på hyttetur i helga som var ;) 
Det er som sagt før ikkje ofte det er loppis her i området. Loppemarkedet skulle
 opne kl.10, og "profesjonelle" som vi er var vi der presis
Men vi var ikkje aleine om det. Lokalet var 
allereie stappfullt.

 Men eg fekk no med meg nokre godbiter (i mine auge hvertfall ;) 
Og prisane var kjempefine, sånn som ein skikkeleg loppis skal vere ;) 
Dette vart med meg heim;

4 små lampeskjermer
Stor kvit vekkerklokke
2 gullrammer (som skal målast)
Hekla grytelapper
2 kakebokser
1 blå fillerye
1 ildfast fat frå StavangerFlint
1 serveringsfat frå StavangerFlint
1 stort rundt serveringsfat frå Figgjo med gul kant

 Fine hekla grytekluter er ofte å finne på loppiser eg er på. 
Og dei blir ofte med meg heim. Dei er superfine å bruke til å dekorere putetrekk med, eller berre henge til pynt. Dei kan jo sjølvsagt brukast til det dei
 er meint som også ;)

 Det har skjedd noko med meg som eg aldri trudde skulle skje; 
Eg har fått dilla på oransje! Og då eg fann denne kakeboksen vart eg forelska ;) 
Den skal få funksjon som oppbevaring av ei mengde irriterande
 fjernkontrollar som flyt overalt.

 Desse søte lampeskjermane skal brukast til ein liten makeover. 
Men den innebærer spraylakk også, så det får 
vente til babyen er komt ut ;)

Desse to serveringsfata frå Stavanger Flint er eg veldig fornøgd med. 
Med oransje detaljer (sjølvsagt ;) og til 20 kr pr stk var det eit kupp
Serien heiter June dekor:Rolf.

Eg håper du har hatt ein strålande dag i sola, 
for det har eg!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 21. mai 2012

Fin ny veke til deg!

Endeleg er våren her! Veret var varmt og herleg idag.
Så vi endra alle planer, og reiste ut på fjorden i Pappa sin "nye" båt istaden.
Derfor har eg heller ikkje fått tatt bilder av loppefunna mine frå helga. Men dei kjem. Ikkje dei store kuppa, men litt "småsnacks" vart det ;)

Her ser du derimot min nye 
mummi- kopp og ny-favoritt-blomsteren rosa Gerbera.

 Det nyaste nummeret av Jeanne D'arc Living var eg så heldig å vinne
 hos Den grønne Baljen. Slik inspirasjon 
får ein aldri nok av! :)

Tusen takk for alle gratulasjoner angåande 2.plassen hos NIB
 og alle andre fine kommentarer! :) 
You make my day! ;)

Ha ein super mandag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 20. mai 2012

G L A D !

Eg er så glad, så glad
Eg var kjempefornøgd med å vere blant dei andre flotte finalistane i NIB si utfordring "Nytt møter gammalt":) Også fekk eg jammen 2.plassen
Noko som er over all forventning!
Les meir her!

Gratulerer så mykje til Bengtgården som fekk 1.plass og 
Marthas lille Boble som fekk 3.plassen. Kjempeflotte bidrag begge to. 
Og tusen millioner takk til de som har stemt på meg! 
De aner ikkje kor det varmer langt
 inn i hjerterota! ;)

Ha ein strålande søndag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 18. mai 2012

Terasse under arbeid :)

Vel overstått 17.mai alle saman! Håper de hadde ein fin dag! 
Og no er det jammen helg igjen.  Denne helga skal eg og Ariel på vift. Og det 
med eit innlagt loppemarked for Mammaen. Hurra for det ;) Då skal eg blant anna sjå
 etter ting og tang vi kan bruke på den nye
uteplassen vår som begynner
 å ta form :)

 Huset vårt har lita tomt rundt seg. Så då gjeld det å utnytte den plassen ein har. 
På stykket som ligg nedanfor huset bygger mannen i disse dager terasse.  Terassen skal gå over det heile med eit solidt gjerde ned mot vegen. Her blir det god plass å utfolde seg på. Det er sikkert vanskeleg for andre å "sjå" endå. Men i hovudet mitt er den allereie innreia. 
Vi har nokre møbler som eg klør i fingrane etter å måle og få på plass. Men å måle
 med utemåling i gravid tilstand tør eg ikkje pga avgassane, så det får heller
 vente litt. Som de ser "skrik" den nye huskledninga etter måling og.
 Så vi blir hvertfall ikkje arbeidslause i sommar ;)

 Den delen eg har tatt bilde frå her blir nok den mest brukte sitteplassen. 
Her kjem ein litt lenger opp og kan nyte den fantastiske utsikten. Her er og delvis tak over så det gjer ingenting om det skulle regne litt :)

 Gjerdet skal også målast. Både det og sjølve huset skal bli kvitt
Eg tipper det vil gå med ein del måling dei neste månadane. 
Eg håper på å få ein snill baby, slik at 
eg kan få gjort masse :)

Eg er som de kanskje veit i finalen i utfordringa nytt møter gammalt hos NIB denne månaden. I kveld kl.20.00 blir det avgjort kven som stikk av med seieren. 
Viss du synast eg fortjener det, blir eg veldig glad om
 du stemmer på meg her!

No skal eg pakke og gjere klart for å reise, 
og det blir nok stille her på bloggen nokre dager for PC'en blir ikkje med ;)

Eg håper du får ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 17. mai 2012

Hipp Hurra!

Eg håper alle har/har hatt ei fin 17.mai- feiring :) 
Her i huset starta dagen ganske så hektisk. Sånn er det når ein trur ein har allverda med tid dagen før, og bruker kvelden til å sitte i sofaen. For idag hadde eg plutseleg berre 
ein time til å pynte kake, dekke bord, lage kvitløksdressing og hakke salat. 
Derav ustroken duk og enkel pynt på bildene ;)

 Mannen og Ariel vart sendt ut
 for å plukke inn bjørkegreiner og kvitveis til pynt på bordet :)




 Reker med loff, salat og kvitløksdressing stod på menyen :) Og kake vart det til kaffien.
Ariel har ikkje vore i form idag, så det vart kun tog-gåing på oss iår.
Men vi skal ta det hardt igjen seinare ;)

Ha ein fortsatt fin 17.mai!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 16. mai 2012

"Hjemme hos" Kulør.no

Mandag var ein skikkeleg glad-interiør-dag for meg :) 
Ikkje nok med at eg kom til finalen i mai- utfordringa hos NIB, men det vart også publisert ein "hjemme hos Bjørg" reportasje hos Kulør.noFør påske fekk eg ein 
kosleg e-post av Ingvild Hemma. Ho hadde lyst å ha med Fjordhuset i ein av
 "Hjemme hos" artiklane ho lagar for nettsida til Kulør.
Og det takka eg spent ja til. Eg må innrømme
 at eg fekk prestasjonsangst når eg
 såg kva slags andre flotte 
heimar ho har hatt
 med før! 


Du kan lese artikkelen her! 
Fortell meg gjerne kva du synast om den :)
Tusen takk til Ingvild og Kulør som ville ha meg med. Veldig stas!

Ha ein flott onsdag, og god 17.mai imorgon!

Klem frå Bjørg :-)
PS; eg blir veldig glad for di stemme i finalen hos NIB som du finne her!

tirsdag 15. mai 2012

I Finalen :)

Det er alltid inspirerande å sjekke ut kven som er komen i finalen i NIB sine månadlege utfordringar. I går når eg scrolla nedover finalistane så skvatt eg rett og slett. 
For der var bildet mitt blant alle dei flotte bidraga! Det var
 uventa og veldig, veldig kjekt!! :)

Utfordringa for mai var; nytt møter gammalt. 
Og dette skreiv gjestedommer Signe Schineller om mitt bidrag;

Pastell party: Elsker den store flasken på skenken sammen med det gamle kartet!. Tydlig innrammen i en sort, stram og moderne ramme. Spiller fint mot det sorte gardinopphenget. Helt enkelt. Dagens Ecktorp sofa er myk og moderne som den er, men har fått enda mykere detaljer i moderne og retro stoff.

Tusen takk
 til NIB og Signe Schineller
 som tok bildet mitt med i eit slikt godt selskap!:)

Du kan sjekke ut alle finalistane her
Og viss du synast eg fortjener det, blir eg kjempeglad for di stemme :) 
Ein kan stemme kvar dag fram til 18.mai kl 20.00.

Ha ein super tysdag!

Klem frå Bjørg
(som feirer med sjokolade og pepsi max ;)

mandag 14. mai 2012

Vognteppe; check! ;)

Eg, den vordende tobarnsmamma, er i full gong med redebygging ;) 
Det siste eg kunne krysse av "to do"- lista var å 
sy eit vognteppe.

Eg har brukt eit utvalg av gjenbruks-stoff og stoff frå Panduro 
og sydd eit lappeteppe med blondekant og flanellbakside. Valget fallt på 
lyse farger der turkis går mykje igjen. Så dette er ganske "safe" om begge ultralydane har lurt oss, og det kjem ein liten gut istaden til familien ;)

 Vogna er eit bruktfunn mannen har gjort, faktisk ;) 
Det er ei gammal Briovogn med eit snev av nostalgisk retrostil og
 kosta han den nette sum av 50 kr.

Vi har ei meir moderne og praktisk vogn også, for dei som måtte lure ;) 
Men eg trur denne blir fin for babyen å ligge å sprelle i,
 no til sommaren.

Her blir det innedag idag. Veret er surt som berre det!

Eg håper sola skin på deg!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 13. mai 2012

Vart det DEG?


Det vart totalt 118 stk som tok lodd i Give Awayen
 eg har holdt i samarbeid med www.whiteaway.no. Tusen takk til alle som deltok. 
Og ein stor takk til Whiteaway som har sponsa den flotte premien :)
 Vinnaren vart trekt ved bruk av random.org.

Og den heldige som vinn gåvekortet på kr 500,- til bruk hos Whiteaway.no er den som skreiv kommentar nr 115.
Gratulerer til Anonym med epost -adresse ireneab(ætt)online.no
Du får snart ein epost frå meg :)

Eg nærmer meg 200 000 besøk og snart 700 følgerar. 
Noko som er heilt fantastisk og veldig utruleg for vesle meg! :))
Så ein ny Give Away er på veg. 
Følg med, følg med ;)

Ha ein flott søndag!

Klem frå Bjørg :-)

Related Posts with Thumbnails