fredag 31. mai 2013

God helg!:)

Med ønsker om ei flott helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 30. mai 2013

Mammasmykke ♥

Øvrebø Smykkeverkstad held til like ved E39 på Ålhus i Jølster. 
Det er flinke Anne Lise Øvrebø som eig og driv butikken. 
Ho designer og handlager dei flottaste smykker, 
som ho sel i butikken sin og i nettbutikken
 som du finn her!

Eg har fått meg eit Mamma-smykke. 
Og det er så fint! Det er i sølv, designa og handlaga av Anne Lise. 
Rundt ringen står det Mamma, og dei to hjertene under 
symboliserer jentene mine; 
Ariel Hermine.
Ta gjerne ein titt på nettbutikken som du finn her! 
Veldig mange unike og flotte smykker :) 
Du finn Øvrebø smykkeverkstad på Facebook også, det finn du her!

I løpet av veka kjem det ein Gje-vekk, 
der ein av de fine leserane mine kan vinne eit Mamma- smykke. 
Følg gjerne med om du kunne tenkt deg eit slikt flott smykke! ;)

Ha ein flott kveld vidare!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 27. mai 2013

Ny sofakrok ute + heldig vinnar :)

Det er som sagt begynt å ta form på terassen vår. 
I forrige veke fekk vi på plass ei sofagruppe i kunstrotting. 
Vi har plassert den på den delen av terrassen som har
tak og kveldssol til 22.00 :)
 
Sofagruppa består av to stoler og ein toseter. 
Den er veldig god å sitte i og veldig fin å sjå på ;)
Den er kjøpt på Bohus.
Eg har lenge hatt nokre skodder ståande, som eg fann under hytta til foreldrene mine. Desse har eg no måla blå og hengt opp på kvar side av kjellervindauget. 
Vi har lyst å skape litt gresk feriestemning på terrassen vår. 
Derfor bruker vi mykje kvitt og blått :)
Nokre av korgpottene mine som eg 
kjøpte ifjor har fått ei stripe med blå spraymåling. 
Seglbåten i vindauget er kjøpt på 
den greske øya Naxos.
Til slutt vil eg fortelle 
at vinnaren av eit gåvekort på 300 kr til bruk hos Lue.no er funnen.
Tusen takk til Lue.no som ville sponse premien :)

Gratulerer 
til 

Nina 
med bloggen 
(Kan du sende meg ein epost
 til husetvedfjorden(ætt)hotmail(dott)com ? :)

Klem frå Bjørg :-)

søndag 26. mai 2013

Trekning imorgon!:)

I morgon trekker eg den heldige vinnaren av eit gåvekort frå lue.no
Trykk deg inn her viss du har lyst å vere med :)

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 23. mai 2013

Det blomstrer i kassa

Det var eit glimt av finever igjen idag,
 og eg benytta anledninga å plante litt. Eg fekk nokre store
 trekasser av Pappa. Desse har eg måla i turkis og satt hjul på. Deretter lagde vi hol og tok plast i botnen. På denne måten held treverket seg sesong etter sesong. 
Også fyllte eg med lecakuler og jord. 
Klar for blomster ;)
 Eg gjekk for rosa margeritter i denne kassa.
 Turkis og rosa er fresht ilag synast eg :)
Eg har ein kjempefin Give Away gåande med eit gåvekort frå Lue.no som premie. 
Lue.no har fleire fine sommerhatter i sortimentet sitt ;) 
Delta gjerne ved å trykke her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 21. mai 2013

Ein liten titt...

..på den (nesten) ferdige leikehytta.
Slik såg den ut når vi fekk den på plass på terrassen
Det er den flinke broren min som har snekra 
den av gjenbruksmaterialer.
No har leikehytta fått dør (som skal få sprosser etterkvart) 
Og eg har måla den i frisk turkis ( S 0530- B10G) 
med kvite detaljer.
Innvendig har eg måla både tak, vegger og golv kvite. 
Og den har fått leikekjøken. Fleire bilder kjem etterkvart ;)
Her blir vinkos på verandaen bytta ut med inne-TV-kveld. 
Finveret er gått over til regn..

Ha ein fin-fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 19. mai 2013

Vi har flytta ut!

For nokre herlege dager vi har no. 
Eg skulle ønske heile sommaren vart slik. Det er jo lov å drøyme ;) 
Vi har flytta ut på terassen og storkoser oss. Uteplassen vår er virkeleg 
begynt å ta form. Eg gleder meg til å vise meir av 
den her på bloggen framover :)
Eg håper du har fine dager!

Klem frå Bjørg :-)

Ps; Har du lyst å delta i Give Away, der du kan vinne Gåvekort hos lue.no
Du finn link oppe til høgre ;)

torsdag 16. mai 2013

Dagen før 17.mai

Eg tar ein reprise på 17.mai bildene frå ifjor. 
Dette huset er nemleg langt frå ferdig til dagen imorgen. 
Det blir nok ein travel kveld :) 
Eg håper de alle får ei fantastisk 
fin feiring!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 13. mai 2013

Vil du vinne..

..gåvekort hos lue.no?

Eg har fått æren av 
å lodde ut eit gåvekort på kr.300,- til bruk i den 
fine nettbutikken Lue.noHer finn du eit godt utvalg
av luer, votter og skjerf  med 
god kvalitet.

Nettbutikken finn du her!
FB-sida kan du like her! 
(konkurranser på gong der og ;)

For å vere med på moroa 
kan du ta 1 lodd ved å legge igjen 
ein kommentar under her.

Du får 1 ekstra lodd 
viss du går inn her og fortel meg kva du 
ville kjøpt for gåvekortet :)

Lykke til!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 12. mai 2013

Morsomt prosjekt på gong!

Onkelen til jentene har bygd ei leikehytte til dei!
Stor stas både for jentene og for meg :) Foreldra mine har skifta 
kledning på huset sitt, og hytta er bygd av den gamle kledninga
Skikkeleg gjenbruk med andre ord:)

Her skal det målast og innredast
Vi er allereie igong. Etter at dette bildet er tatt, har eg måla alt
 innvendig eit strøk. Og hytta har fått seg dør. De skal 
sjølvsagt få sjå meir etterkvart,
 om de vil:)
Ha ein nydeleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 11. mai 2013

Vinnerane er...

Så utruleg kjekt at Green Gate fortsatt er populært i blogglandet. 
Det vart tatt 127 lodd, og dei to heldige som får
 kvar sin fin-fin tekopp er:


Gratulerer så mykje! :)
Kan de sende meg navn og adresser på epost:
 husetvedfjorden(ætt)hotmail.com ?
Tusen takk til Henriette og Allmuen 
som ville sponse denne Give Awayen! :)

Ha ei fortsatt fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 10. mai 2013

Inspirasjonsguiden


Eg er denne vekas gjesteblogger hos Inspirasjonsguiden. 
Du kan lese det ved å trykke her :)

Ha ei flott helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 9. mai 2013

Trekning på laurdag!

Det er fortsatt tid igjen å vere med i trekninga av 2 slike nydelege kopper! 

Ha ein strålande torsdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 8. mai 2013

Nib Utfordring Mai- Bruktduellen del2

Her kjem mitt andre bidrag i Nib si utfordring for mai- Bruktduellen. 
Eg elsker å handle brukt. Det er spennande, inspirerande, billeg, miljøvenleg. 
Og sist men ikkje minst så skaper du eit interiør og ein stil som er berre din.
Bruktkjøpa hos oss er for det meste gjort på bruktbutikker, loppemarked 
og fått/arv. Her i distriktet blir det dessverre ikkje lagt så mykje 
spennande ut på finn.no. Eg har tru på at det finns utruleg 
mange skatter stua vekk på loft og i kjeller rundt
 omkring. Og iblant blir mykje brent. Eg får rett
 og slett vondt i sjela når folk tenner bål. 
Det har faktisk skjedd at 
eg har redda nokre ting 
frå flammane 
også ;)

Det finns 2 typer bruktfunn; 
dei som er fantastisk fine med patina og levd liv
Dette er dei som virkeleg er skatterOgså har du dei som blir
 skikkeleg flotte med litt fornying

Hermine sitt rom er nyleg oppussa
Her finn du mange bruktfunn av den typen 
som trengte litt fornying :)
Kommoden er kjøpt på Loppemarked. 
Den var opprinneleg i teak. Eg liker egentleg teak, og hadde tenkt å 
behalde litt av det orginale. Men det passa rett og slett ikkje inn,
 synast eg. Så den vart måla i mint og rosa
Sprinkelsenga er også eit bruktkjøp.  
Den har eg måla kvit.
Teppet på golvet har eg nyleg hekla ferdig. 
Dette er også gjenbruk. Det er hekla frå remser av
sengetøy som eg har kjøpt brukt.

Bordet og den gule stolen er ein 
eldre modell frå Ikea som eg har fått brukt. 
Eg har måla stolen i sommersol og bordet er måla turkis, 
bordplata har fått ein tapet. Til og med ramma på veggen er kjøpt brukt 
og fått nokre omganger med målekosten. 
Blomsterbildet med ramme på kommoden er kjøpt på ein bruktbutikk. 
Skoa er mitt første skopar frå då eg var lita jente. 
Kaninlampa er ny :)
Lesekroken har puter sydd av sengetøy som er bruktfunn. 
Det same gjeld gardina :) Den raude stolen 
stod i huset då vi overtok.
Mange flotte bidrag i utfordringa finn du her!

Ha ein super onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 7. mai 2013

Nib Utfordring Mai - Bruktduellen

 Nib si utfordring for mai er Bruktduellen
Vi skal vise fram bruktkjøp i heimen vår. Her i huset er det største 
problemet med den utfordringa; kva skal eg velge? Her er mesteparten kjøpt
 eller fått brukt, blanda med litt nytt. Eg elsker å gå på loppiser, bruktbutikker og blant andre sitt skrot for å finne skatter som passer perfekt hos oss. 
Eg vil melde på kjøkenet vårt i Bruktduellen.
Bord og stoler er kjøpt brukt på diverse bruktbutikker og loppiser. 
Nokre er måla andre ikkje. Krakken er blant mine yndlingskjøp. 
Den er herleg slitt og sjarmerande.
 I kjøkenhyllene mine finn du ei god blanding av bruktkjøp, arva og nye ting. 
Alle kakeboksane er bruktfunn. Den gule kakeboksen er det nyaste 
bruktkjøpet mitt. Veldig fornøgd med den:) Vekta er arva
 etter bestefaren til mannen. Det rosete kaffisettet
 har eg arva etter mi Bestemor. Skålene
 med roser på er funne på loppis.
 Her skimter du inn i spisestova vår. 
Den svarte skjenken bak der er også eit bruktfunn som
 er måla med svart bengalack.
På veggen mot kjøkenet er alt bruktkjøp
 utenom blomsterpotta, bildet (ikea), teppet (Ellos) 
og putene i senga.


Ha ein flott tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 6. mai 2013

Rosa ranunkler

Eg elsker blomster. 
Mest av alt ranunkler. Og når dei er rosa i tillegg,
 er dei fantastiske! Berre så synd dei varer så kort. Dei knekker veldig raskt av. 
Eg snitter dei litt kvar dag og skifter vatnet. Er det noko meir ein kan gjere? 
Eg blir kjempeglad for tips! :)
Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails