onsdag 26. mars 2014

Spent!

Eg og jentene har tradisjonen tru sådd litt i år og. 
Denne gongen vart det tomat, basilikum og karse. I tillegg har 
eg tatt avlegger av pellisane mine;) I år skal tomatplantane få vere 
igjen i vinduskarmen på kjøkenet. Eg har ikkje trua på at 
vestland-sommaren skal gjere tomatane mine
 raude i år heller;) Så då prøver 
vi ein ny vri!
Eg er spent på resultatet..

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 23. mars 2014

Oreo-kjeks

Eg og jentene har baka oreo-kjeks. 
Enkle å lage, og veldig gode å ete ;) For ein ekstra
 morsom vri har vi brukt blomsterformer og laga hol slik at 
ein kan tre kjekset ned på eit sugerør ;)
Oppskrifta finn du her!
Ha ein fortsatt fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 20. mars 2014

Det er godt med alt som er gjort..

Endeleg skal eg få meg skikkeleg vaskerom
Fram til no har eg vaska kle i en mørk og skummel kjeller. 
Så dette blir ein sann fornøyelse! Rommet som skal bli vaskerom ligg i hovedetasjen.
 Det skal også bli eit gjestetoalett. Så her krevast det lure løysingar,
 slik at det er enkelt å holde orden. Og sjølvsagt må det sjå fint ut;) 

Med ein gong mannen sette igong med arbeidet. 
Så  sette eg også igong. På mitt visFarger, tapeter, golv, pynt, 
belysning osv vart vurdert, forkasta og til slutt bestemt. 
Forferdeleg travelt arbeid ;) Budsjettet er begrensa, 
så det blir mykje gjenbruk og rimelege løysingar.
Muntre farger og stilmiks vart heilt rett ;) 
Arbeidet mitt var fullført
Kurv: Fermliving - Vask og krane: ikea.no - Lampe: Designbelysning.no - 
Boks: Kremmerhuset.no - Bilde: rom21.no - Fliser: historiske - Tapet: Ellos.no

Men korleis gjekk det med mannen
Tja, han har kanskje ein litt større del av jobben ;) 
Legge vatn/avløp- og eletrikerrør. Isolere. Legge varmekabler. Legge golv og få opp vegger. Planlegge taket. Skal det ha plater? Panel? Kanskje det skal ha lysspotter?
Ok, då! Eg kan forstå at denne delen tar litt lenger tid.
Det er jammen bra at tapeten er komt i hus! 
Det er godt med alt som er gjort liksom ;)
Fortsettelse følger...

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 19. mars 2014

Endeleg

Kvar einaste vår venter og venter eg på å få tak i ranunkler
Dei er ikkje så enkle å få tak i her omkring. Når dei endeleg er i hus, 
klarer eg ikkje å sjå meg mett. Dei er så flotte der dei slanger 
seg i krukka med sine lubne herlege blomster. 
Og i fine farger blir ekstra stas!
Det er ekstra godt med vårfarger inne no. 
Vi våkna til vinter idag tidleg. Typisk mars! 
Eg er så klar for vår, men vergudane 
er ikkje alltid enig ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 16. mars 2014

Velkomen inn

Slik ser det ut når du kjem inn i huset vårt
I gangen vår finn du bruktmøbler som er pussa opp. 
Tavlevegg med diverse "kunst" og ein bildevegg med favoritter. 
Også ser du rett inn i TV-stova vår.
Eg og mannen har vore på kjærestetur til Ålesund i helga.
Jentene har kosa seg med Besta og Besten. Det er herleg
 med aleinetid, men også veldig fint 
å kome heim igjen ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 12. mars 2014

DIY; Tre på veggen

Viss du tar eit bildesøk på google etter tre på barnerom,
 så ser du raskt at dette ikkje er min ide ;) 
Men eg har lenge hatt lyst å prøve. 
Og her ser du min versjon;
 Vi ommøblerte litt på Ariel sitt rom og fekk litt ekstra veggplass
Dermed var vi igong. Eg teikna treet først med blyant, 
deretter fyllte eg inn med kvit måling.
 Blada klipte eg ut av tapet-rester 
og limte dei fast med tapetlim.
 Fuglehuset hadde vi frå før. 
Det er også fiksa på med tapet og måling.
 Eg synast det vart dekorativt. 
Og det beste av alt er at vi brukte kun ting vi hadde frå før. 
Ein billeg og ganske rask gjer-det-sjølv. Me like. Og det viktigaste; 
eigaren av rommet er superfornøgd også ;)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 9. mars 2014

Ha ein fin søndag

Ute bøtter regnet ned, og vi koser oss inne. 
Eg er inne i ein kreativ periode. Noko som fører med seg mange 
halvferdige prosjekt og eit litt småstressa hovud. Men det er så kjekt
 når dei blir ferdige ;) Resultata kjem nok her på bloggen 
litt etterkvart!
Nytt print på veggen av Sofie Børsting. 
Kjøpt hos Keiserens Nye
Me like :)

Ha ein herleg dag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 7. mars 2014

Sofus

Eg måtte berre knipse nokre bilder av Sofus- pusen vår,
som låg å poserte så fint i sofaen.
Ååå, så trøtt...
Sove litt til ja...
Katten har det fint ;)
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 3. mars 2014

Nib Utfordring - Soverom

Ny månad og ny utfordring frå Nib
Det er alltid like moro! :) Denne gongen skal vi 
vise fram soveromma våre. Eg har vist bildene før, 
men det har ikkje forandra seg så mykje. 
Bortsett frå at det sjelden er 
ryddig her ;)
 Mykje kvitt med mange fargeklatter er det som går igjen hos oss. 
I tillegg er det ei god blanding av gammalt og nytt.
Slik er stilen på soverommet vårt og.
Senga kan likne litt på ei blomstereng ;)
Her snakker vi FlowerPower med sengeteppe frå Jotex, 
pledd frå Kid, sengetøy frå Princess og putetrekk eg har 
sydd av retrosengetøy.
Over senga kjøpt på Skeidar 
heng sider frå Pappa sitt gamle herbarium 
og eit vintagebilde av eit skip.
Arbeidslampa duger supert til leselys
Denne er gammal og frå barndomsheimen min. 
Nattborda har eg fått av nokon som skulle kvitte seg med dei. 
Eg hadde først tenkt å måle dei. Men det er eg
glad eg ikkje gjorde :)
For meir soveromsinspirasjon
 kan du trykke her!

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 2. mars 2014

Fastelavn

Instagram og Blogg fløymer over av bollebilder idag. 
Så eg må følge strømmen ;) Tradisjonen tro, har eg og jentene baka boller idag.
Etterpå tok vi dei med på besøk, der vi fyllte dei med krem ;)
Spalta mi er på plass i nyaste Fylkesmagasinet
Du kan lese det om du trykker her!

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails