mandag 4. mai 2015

Det må vere lov å endre meining!

Eg har aldri likt teak noko særleg. 
Designet og dei fine beina har eg alltid likt, men ikkje fargen. 
Trudde eg! Plutseleg fekk pipa ein annan lyd.
 Det starta med den lille kommoden eg fekk. 
Planen var å måle den. Men etter at den vart plassert i TV-stova,
 så kjente eg at eg likt den! Eg likte teak! Kva skjedde? Eg synast teaken passa
 så godt til pastellane i heimen vår. Det vart ein fin kontrast som 
gjer litt meir sjel til interiøret!
Eg måtte ha meir! Blir eg hekta, så blir eg hekta! 
Etter nokre tastetrykk på Facebook fekk eg napp på ein lang teakskjenk
Den vart min for ein 1000-lapp og no står den så fint under verdenskartet i spisestova.
Eg elsker beina på den og den fine (!) varme fargen.
Forandrer du ofte meining angåande interiør?

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

3 kommentarer:

Hverdag i London sa...

Så flink du er til å kombinere farger og møbler. Ser at jeg bør tørre mere:)). Marianne

Unknown sa...

Oh yes! FOrandrer seg stadig vekk:)
Noen ganger skvetter jeg til over ting jeg syns var KJEMPEFINT, som jeg egentlig ikke liker, haha:))

Passet perfekt med litt teak hos dere! :)

Yvonne sa...

Om jeg skifter mening? ehhe ja mannen blir til tider gal! hehe

det ble veldig fint!!!
Ha en nydelig tirsdag!

Related Posts with Thumbnails