tirsdag 30. juni 2015

Luksus i kvardagen

Det veldig etterlengta vaskerommet vårt er omtrent ferdig! 
Eg skreiv om det på bloggen første gongen i mars ifjor (les det her!) og trudde det skulle vere fort gjort. Over 1 år skulle det gå før vi kunne ta det i bruk. Interiørplanane 
der inne har endra seg fleire gonger på den tida. Resultatet ser du
 under her. Det var vel verdt ventetida!
Før hadde vi eit skikkelg ukosleg vaskerom i den mørke kjellaren vår, 
og tørking av kle foregjekk på gjesterommet. No er det historie og 
det er plutseleg blitt skikkeleg kjekt å vaske kle ;)
Hyllene er gamle stringhyller som vi har spraya opphenget på. 
Tøymykner og milo blir oppbevart i flasker frå Ikea. Vaskemiddel i ein gul boks frå Kremmerhuset. Øskjene frå Søstrene Grene rommer einslege sokker, 
vaskeposer og merkelapper til kle. Det er sydd eit forheng som 
skjuler dunkane med skittentøy.
Printet på hylla har eg laga sjølv i 
photoscape og sett i ei ramme frå bilderammer.no
Over doen har vi fått laga smilesontiles av ei teikning Ariel har laga :)
For å hindre innsyn har vi sett på folie på vindaugene. 
Slik får vi likevel inn mest muleg lys. Folien har bilde av eit tre med fugler i. 
Det var litt vanskeleg å fange med kameraet ;)
Vaskerommet gjer kvardagen mykje enklare. 
Rett og slett litt luksus ;)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 26. juni 2015

Sunn is

Jentene våre er, som alle unger, veldig glade i is
I år har eg gått til innkjøp av isformer frå Nicolas Vahe. 
Eg liker spesielt godt at det er ispinner med i settet ;)
No blir det sunn is så ofte jentene vil ha ;) 
Isen lager eg av smoothie med bær og appelsinjuice. 
Sunt og godt :)

Ha ein fin sommarkveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 25. juni 2015

Snart skulejente!

Ariel har no sine aller siste veker i barnehagen. 
For første gong får vi ei skulejente i huset. Det er litt vemodig, litt skummelt
 og veldig spennande! Kanskje mest skummelt for oss foreldrene ;) 
Ariel gleder seg og er veldig klar. Det gleder 
eit Mammahjerte :)

Eg husker frå då eg gjekk på skulen
 at det alltid var stas å få nytt utstyr til det nye skuleåret. 
Følelsen av ein ny start var spennande. Og dei nye skulesakene var med 
på å forsterke forventningane.

Eg digger butikkane til Søstrene Grene
Billege, fine og fargerike produkt, akkurat slik eg liker det!

Eg bur dessverre langt unna nærmaste Søstrene Grene butikk. 
Men når eg er på ein større stad, er eit besøk 
der obligatorisk!

Alt på bildene utenom koppen (Ment) penneholderen(måla hermetikkboks) 
og magasinholderen(Ikea) er frå Søstrene Grene :)

No er vi litt meir klar for skulestarten til hausten;) 
Men først ein etterlengta sommar og ferie!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 18. juni 2015

Hermine 3 år!

I går feira vi Hermine sin 3 årsdag, 
litt på forskudd sidan vi ikkje er heime på dagen hennar. 
Vi dekte langbord og inviterte familie og venner. 
Det vart ein fin fest og Hermine var
 spesielt fornøgd ;)
Kaka vart ein reprise av Ariel si bursdagskake. 
Sidan det var det Hermine ville ha. Veldig greit for meg sidan det er 
den enkle varianten ;)
Vi pynta med heimelaga vimpler 
som er laga av snor, gåvepapir og stiftemaskin ;)
Dagens "nesten" sunne 
variant var fruktspyd med marshmallows :)
Ha ei fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 15. juni 2015

Markblomster

Sommaren hittil har vore ein skuffelse. Kaldt og surt ver er realiteten. 
Men det ser i alle fall ut som om det er sommar ute. 
Det er grønt og det blomstrar overalt.
Det er luksus å kunne gå ut
 å plukke inn blomster når ein får lyst til det :)


 Sjølv om det foregår med støvlar på ;)
 Vasen er eit stort glas som eg har spraya nederste delen på 
for å få eit litt morsommare uttrykk.
 Markblomster er noko av det finaste eg veit!
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 4. juni 2015

Å få jobbe med hobbyen sin..

Heilt sidan eg starta å blogge for over 5 år sidan har lidenskapen min
 for interiør, styling og fotografering blitt berre større og større. Ein liten draum om 
å kunne jobbe innen dette feltet kilte i magen lenge. 
Når ein bur på bygda slik eg gjer, så er ikkje utvalet av jobber det største. 
Eg hadde ein interessant jobb med gode kolleger, men det var 
dessverre ikkje draumejobben. 
Men plutseleg ein dag vart eg kontakta av Japan Photo,
 som har markedsavdeling si 20 min frå der eg bur. Dei ville gje meg ansvaret for 
nettbutikken sin bilderammer.no. Eg fekk plutseleg sjansen til å
jobbe med hobbyen min.
Eg har arbeidd hos bilderammer.no sidan hausten ifjor. 
I dette innlegget viser eg nokre av miljøbildene eg har tatt undervegs 
av dei flotte kvalitetsrammene våre.
Vil du følge meg på jobb
 så er du hjarteleg velkomen til 
NettbutikkenBloggen, Facebook og Instagram (@bilderammer) 
Her får du gode tilbud, masse fin inspirasjon og spennande konkurranser. 

Akkurat no vil eg gjerne
 sjå bildeveggen din på instagram. Tag bildet ditt med 
#bilderammerdotno og skriv at du er med) 
Du kan vinne gåvekort på kr 1000,-


Ha ein herleg dag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 2. juni 2015

Glade fargar!

Eg blir så glad av fine fargar. 
Når eg får lyst på nokre nye fargeklattar finn eg fram sprayboksane mine. 
Denne gongen er det tre lysestakar som har fått seg 
eitpar dusjar med sprayen ;)
 Eg blir også veldig glad når sola skin. 
Slik som den gjer inn i spisestova vår her. Akkurat no lengtar eg 
voldsomt etter at sommaren skal kome. Eg tipper at eg 
ikkje er aleine om det!
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails