torsdag 27. august 2015

Dilla på gult!


Eg har vore glad i fargen gul lenge! 
I det siste har eg imidlertid tatt litt av. Gult er kult, ikkje sant?

For det første har det flytta inn ein gul 
stol frå Ikea. Eg digger designet, komforten og sjølvsagt fargen!

 I tillegg har mannen fått nytt kontor med teakpult og
....gulprikkete tapet! 


Liker du gult?

Klem frå Bjørg :-)

mandag 17. august 2015

Herlege sommardager!

Endeleg opplever vi sommar her i Nordfjord også. 
Vi kan ta på shorts, gå berrføtt og ete ute. V fortjener det etter lang ventetid! ;)
På same tid som sommaren er her, kom første skuledag til ei spent Ariel. 
Ho har hatt sin første skuledag idag. Det gjekk kjempefint, 
og det ser ut som om ho kjem til å 
like seg godt på skulen!
Gode vener og eit kjempebra samarbeid mellom 
barnehagen og skulen siste barnehageåret er verdifullt. 
Ho har gått i femårsklubb ein dag i veka der ho har blitt kjent med skulen og alle klassekameratane. Det kjem til nytte når første skuledagen kom!
På fritida gjeld det å nyte fineveret til det fulle, 
så lenge det varer! ;)
Ha ein nydeleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 11. august 2015

Alt kan fornyast!

Utfordringa frå Nib denne månaden er: "Alt kan fornyast"
Gjerne med spray eller bengalack. Eg liker å måle, men eg elsker 
den raske fornyinga med spray. Her er 3 små prosjekt 
med sprayen, som eg har gjort:
 Tre fugler i messing vart 
oppdatert og mykje friskare med turkis spray :)

 Eit metallbord frå Ikea vart grønt og sommarleg.

Dette store glaset har fått spray på nederste delen 
for å gje det litt meir farge :)

Til og med ølboksar blir tøffe med litt spray ;)

Sjå fleire kreative bidrag og delta sjølv her!

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 5. august 2015

Tilbake til kvardagen

Tre ferieveker går fort, altfor fort..
Vi har hatt ei veke med bubil-tur der vi jakta på sola, og fann den i Strømstad.
Ellers har vi vore heime og prøvd å gjere det beste ut av ein typisk vestlands-sommar. Dagane vart lange på slutten og eg innrømmer glatt 
at det var heilt greit
 
å begynne i jobb igjen ;) Hermine er tilbake i barnehagen, og om eit
 par 
veker er den store første-skule-dagen til Ariel her. Spennande tider! :)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails