lørdag 24. oktober 2015

Gammal skulepult!

Eldste dottera vår Ariel er blitt skulejenta, og då høyrer det med å få leksepult på rommet sitt. Sjølv om eg tviler på at den blir brukt til lekser med det første. Leksa blir gjort i stova ;) Men det er jo kjekt å ha ein plass å teikne på rommet sitt. Ariel er hvertfall veldig fornøgd!
Pulten er gammal og frå ein skule. 
Vi var så heldige å få den frå ei snill dame, tusen takk :)
Eg har vurdert å måle den, men kjem egentleg fram til at eg liker den slik den er. Med fine spor etter at mange elevar har mottatt kunnskap på den :)



Eg håper du har ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 21. oktober 2015

Snart Halloween!

Eg liker Halloween! Litt moro på ein trist og mørk haustkveld er gull, synast eg. 
Her feirer vi med noko pynt og kler oss ut. Ein grei regel er å gå til dei husa der vi 
veit vi er velkomne, og dei står klar med godteri. Slik "prakker" vi ikkje på nokon
 denne nye tradisjonen uten at dei vil det sjølve ;)
Som de ser, vi gler oss villt ;)

Eg og jentene har allereie funne fram litt pynt. 
Og graskaret er klart til å få skummelt fjes ;)

Feirer du Halloween?

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 14. oktober 2015

Muffins med epler frå hagen

Onsdager er ein fin dag! Eg og Ariel har fri frå jobb og skule. 
I dag ville Hermine vere med oss og, så ho fekk ein fridag frå barnehagen. 
Det er heilt supert med litt "helg" midt i veka! 

Vi hadde ei gryte full av epler frå 
treet i hagen. Då var saken enkel. Det måtte bli eplemuffins ;)

Det er kosleg å ha gode hjelperar på kjøkenet. 
Også blir det ekstra stas for jentene å ete muffinsane etterpå ;)

Muffinsane er på mystisk vis snart vekk! 
Dei var veldig gode og oppskrifta fann eg her!
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 12. oktober 2015

Barneseng med gode minner

Hermine er over 3 år, så det var på høg tid å bytte ut sprinkelsenga. 
No er den fine barnesenga Pappaen sov i som liten på plass :) Senga har vore 
i hans familie lenge, og det er Besta hans som har rosemåla den. 
Hermine fann seg fort til rette og var særs fornøgd med 
ei litt større seng ;)
Eit innebygd skap har blitt kosekrok med oppbevaring under. 
I taket er det laga stjernehimmel av LED-lys (som ikkje syner å bildet ;)
 Hermine er fortsatt superfornøgd med leikekjøkenet 
sitt frå Jollyroom som du finn her! Ho elsker å styre og stelle her. 
Det er så kjekt å sjå på :)
Eg håper du får ei god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

/sponset innhold

torsdag 8. oktober 2015

Styggfin tapet

Eg liker forandringer i interiøret! 
Skapet i stova pleier å ha tapet i glasrutene for å endre utrykk
 og gjere det gladare, men mest for å skjule rotet ;) Den har allereie skifta tapet nokre gonger. Eg hadde liggande ein retrotapet eg kjøpte på facebook for litt sidan. 
Ein sånn styggfin tapet som kan funke eller bli heilt feil. Eg har 
ikkje heilt bestemt meg endå, men eg trur den får bli 
sidan den har den sennepsgule fargen i seg som 
eg liker så godt.
Tapeten er festa på innsida med brei tape, 
slik at den er enkel å fjerne viss behovet for forandring kjem over 
meg atter ein gong ;)
I dag har eg vore heime med ei febersjuk Ariel som trengte Mammaen sin. 
Det blir fort kjedeleg å vere sjuk, men det blir også mykje kos!
Vi satser på at dagen i morgon blir betre :)
Eg ønsker deg ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 2. oktober 2015

Fine hyller ;)

Fleire hyller er på plass i stova. 
Hyllene er kjøpt hos Biltema og måla i fargen Hammershöi. 
Tanken er at vi skal få orden i jentene sine hobbysaker og diverse kontorting
 som har ein tendens til å skape kaos.
Så får vi sjå kor lenge hyllene held seg ryddige ;)
God helg til deg!

Klem frå Bjørg :-)

Related Posts with Thumbnails