søndag 26. juni 2016

Barnebursdag!

Det har vore ei begivenhetsrik veke med Jonsokfeiring og 3 bursdagselskap for Hermine, som har fyllt 4 år! Bildene er frå barnebursdagen. Vi laga vimpler av gåvepapir som vi klipte til og stifta over ei snor. Dekorativt og enkelt.


Hermine ønskte seg Bratzkake. Noko eg ville gje ho, men kvidde meg til å lage. Men det gjekk nokelunde fint. Den er laga av ei sjokoladeplatekake som eg skar til i rundinger og bygde kjolen av. Mellom laga hadde eg sjokoladekrem. Kjolen er av marsipan som eg farga rosa og kjevla ut.


No kjenner eg det skal bli godt å gjere ingenting. Sofa og netflix here I come! 

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 16. juni 2016

Vasoholiker



/sponsa innhald/

Eg er svak for fine vaser, og tar meg sjølv i å ha lyst på nye litt for ofte. 
Kor mange vaser treng ein eigentleg? Mange? Dei pynter jo så flott på fleire vis. Vaser er sjølvsagt nydelege med blomster i, grøne blad, kvister. Tomme vaser er også flott, aleine eller som del av eit stilleben! Konklusjonen på spørsmålet må vere eit rungande ja ;)

I går kom postmannen med ein ny favoritt til meg. Ein vase frå Hammershøi serien til Kahler. 
Den er litt nostalgisk, litt moderne og i mintblå. Perfekt!

Vasen finn du hos Kitchentime.no om du trykker her! 
Hos Kitchentime finn du ikkje berre eit stort utvalg med kjøkenutstyr, dei har 
også eit supert utvalg av interiør frå Kahler og andre kjente designmerker. 
Mange fleire vasefristelser for meg med andre ord ;)


Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)


mandag 13. juni 2016

Motivasjon!

 Vi har vore bleieskiftarbeidera i til saman snart 7 år. 
Yngstejenta vår Hermine på 3, snart 4 har vore veldig glad i bleiene sine. 
Gå på do eller potte skulle ho i alle fall ikkje. Det måtte ein motivasjonsfaktor til. 
Og du ser den her. Hennar største ønske var ein sengehimmel!

No er bleiene eit avslutta kapittel, og omsider er den finaste sengehimmelen på plass på rommet til Hermine. Gjett om ho er fornøgd. Det er vi foreldra og! Vi skal aldri skifte bleier meir! Det er godt vi har skaffa oss katter vi må tomme doen etter. Slik at 
overgangen ikkje blir for stor, liksom ;)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 7. juni 2016

Nye familiemedlemmer!


Du husker kanskje den raude pusen vår Sofus? Fine pusen vår som dessverre hadde eit ublidt møte med ein trailer for nesten to år sidan. Vi bur nært vegen, så det er skummelt for katter å gå der når trailerane suser forbi på nattestid. Ny katt orka vi ikkje å tenke på med det same, så vi skaffa oss gullfisker istaden. Eldstejenta vår er veldig dyrekjær, og sakna eit dyr å leike og kose med. Gullfisken nådde ikkje heilt opp der ;)  Så etter ei stund valde vi å prøve igjen.

Frå å ikkje skulle ha katt igjen, så har vi plutseleg 2 herlege kattunger i huset vårt. 
To leikne, nyskjerrige og kosete pusebrødre. Til glede for både små og store.


Vi satser på å ha innekatter denne gongen. 
Desse to har mykje selskap i kvarandre, så eg trur det skal gå veldig fint :)


Ha ein fin-fin tysdag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails